Kleivi Næringsområde
Utsjånad
Kleivi Næringspark er eit industriområde på grensa mellom Hol og Ål kommune i Hallingdalen. Næringsparken vart oppretta i 1970 på initiativ av ordførarane i dei to kommunane. Hovudmålet med utbygginga var å halda på ungdommen ved å skapa arbeidsplassar, som området hadde mista etter at kraftutbyggjinga i Hallingdal hadde teke slutt. Fleire verksemder etablerte seg i området, men alle overlevde ikkje.
I næringsparken fann ein i 2005 desse verksemdene:
- Hallingdal Renovasjon har eit forbrenningsanlegg her
- Hallingplast AS, den eldste verksemda i Kleivi som produserer plastrøyr
- NorMec AS, lagar maskinar for gummiproduksjon
- Norsk Byggekunst AS
- Statens Vegvesen har eit oppvarma strøysandlager her
- Terje Skifte, einmannsverksemd som driv med kjøleteknikk
- G.G.Agenturer, heimetekstil