Ål kommune
Ål kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Viken | ||
Adm.senter | Ål | ||
Areal | 1 174,98 km² | ||
- land | 1 083,4 km² | ||
- vatn | 91,58 km² | ||
Folketal | 4 674 (1. januar 2020) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Solveig Vestenfor (Ap) | ||
Kommunenr. | 3043 | ||
![]() Ål | |||
Wikimedia Commons: Ål | |||
Nettstad: www.aal.kommune.no | |||
Ål kommune er ein kommune som ligg nord i Hallingdal i Viken fylke. Kommunen grensar i aust til Gol og Nes, i sør til Nore og Uvdal, i vest til Hol, i nordaust til Hemsedal og i nordvest til Lærdal i Sogn og Fjordane. Kommunegrensene til Ål kommune vart endra i 1979, då eit mindre område vart overført til Hemsedal, og i 2005 då eit mindre område vart overført frå Hol.
Administrasjonssenteret i kommunen er Ål, som har vidaregåande skule og folkehøgskule. Lokalavisa er Hallingdølen, som kjem ut tre dagar i veka.
Geografi[endre | endre wikiteksten]
Ål kommune strekkjer seg mot nordvest til fylkesgrensa mot Sogn og Fjordane. Ål er ein utprega fjellkommune, der over 80 % av arealet er fjell og vidde over 900 moh., med nesten 1700 sjøar og vatn. Det høgste fjellet i kommunen er Raudbergskarvet (1819 moh.) i nordvest på grensa til Lærdal kommune. Eit anna markant og høgt fjell er Reineskarvet (1791 moh.). Hallingdalen dannar hovuddalen i Ål kommune og går gjennom kommunen i den sørlege delen i retning vest–aust, og Hallingdalselve dannar i Ål den lange og smale Strandefjorden. Ål kommune har to tettstader, Ål og Torpo. I tillegg har kommunen bygdene Vats, Leveld, Votndalen, Torpo, Uppheim, Kvinnegardslia, Øvre-Ål, Sundre, Breie og Strand.
Næringsliv[endre | endre wikiteksten]
Ål har eit allsidig næringsliv (med ei fordeling av sysselsette på primærnæring 11%, industri 13%, bygg og anlegg 10%, tertiærnæring 29% og offentleg forvaltning 33% [1]).
Det er mykje eng og beitemark i kommunen og fleire setrar er framleis i drift. Turistnæring er ei viktig satsing i Ål med kring 2500 hytter, nokre hotell, to alpinanlegg og fleire preparerte løyper, men kommunen er ikkje ein like utprega turiststad som Geilo, Gol og Hemsedal. I tettstaden Ål kjem avisa Hallingdølen ut tre gonger i veka, på tysdagar, torsdagar og laurdagar[2].
Ål er eit skulesenter, med Ål vidaregåande skule, Lien landbruksskule og Ål folkehøyskole og kurssenter for døve. Hallingdal Sjukestugu er distriktsmedisinsk senter i Hallingdal og ligg på Sundre.
Samferdsel[endre | endre wikiteksten]
Bergensbanen går gjennom Ål kommune, på sørsida av dalen med stasjonane Ål og Torpo. På nordsida av dalen går riksveg 7 Oslo–Bergen. Det er fylkesveg nordover til bygdene Leveld og Vats, og opp til Myking gjennom dalføret til Kvinda. Fleire av vegane i fjellet er bygd ut i samband med kraftutbygginga.
Kjende folk frå Ål[endre | endre wikiteksten]
- Herbrand Sata (1753-1830), rosemålar
- Nils Bæra (1785-1873), rosemålar
- Embrigt Bæra (1788-1876), rosemålar
- Olav Sataslåtten (1891-1971), spelemann
- Sevat Sataøen (1892-1962), spelemann
- Olav Thon (1923-), finansmann og hotelleigar
- Aagot Noss (1924-2015), tradisjonsforskar
- Nils Ellingsgard(1928-), målar og statsstipendiat
- Olav Randen (f. 1948), skribent, forfattar, forleggjar, geitebonde og samfunnsdebattant
- Hallgrim Berg (f. 1945), politikar (H), stortingsmann (1982—1997)
- Stein Torleif Bjella (1968-), musikar
- Hellbillies, countryrock-gruppe
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Ål» av Geir Thorsnæs i Store norske leksikon, snl.no.
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Drangsland, Kari Anne K. og Stig-Erik Jakobsen: Sluttevaluering av omstillingsprogrammeti Ål. Samfunns- og næringslivsforskning AS. http://www.innovasjonnorge.no/TP_fs/Regional_Omstilling/Dokumentasjon%202010/Ål.pdf
- ↑ http://www.hallingdolen.no/
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Nettsidene til Ål kommune
- Hallingdølen - lokalavis i Ål
- Ål kulturhus - informasjon om kultur i Ål
- Velkommen til Ål i Hallingdal - turistinformasjon om Ål i Hallingdal
- Heimbygda - Ål si historie i tekst og bilete