Klinga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Klinga er ein tidlegare kommune i Nord-Trøndelag, oppretta i 1891 då han vart skilt ut frå Vemundvik. I 1964 vart Klinga, saman med Vemundvik, delen av Otterøy nord for Namsenfjorden og delen av Otterøy som høyrde til Fosnes lagt til Namsos kommune.

Klinga femna åslandskapet på austsida av fjorden Lygnen, frå munningen til Namsen og om lag 25 km sørover. Ein stor del av folkesetnaden er busett i tettstaden Bangsund og i Spillum, del av Namsos, ein tettstad på sørsida av munningen til Namsen. Klinga utgjer i dag eit sokn i Namsos kommune. Riksveg 17 Steinkjer–Namsos går gjennom bygda.

Namnet er eigentleg gardsnamn, sideform av ordet kringle, 'krets, ring', siktar visstnok til eit rundt fjell.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]