Hopp til innhald

Klirr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Klirr er dei overtonane som oppstår i ein lekam når dette vert påverka av ei rein sinussvinging. I forsterkarar vil klirr skape ei forvrenging av lyden som ein freistar å unngå. Klirrfaktoren for ein forsterkar er definert som tilhøvet mellom energien til overtonane og energien til grunntonen når ein rein tone blir forsterka. For god attgjeving bør klirrfaktoren vere under ein prosent.

  • «klirr». Store norske leksikon. Henta 20. februar 2013.