Klovn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein klovn med typisk sminke og parykk
Joseph Grimaldi som klovnen «Joey», ca. 1810
Enrico Caruso kledd som klovn til operaenPagliacci

Ein klovn er ein komisk artist som kan opptre i sirkus, varietéteater og andre stader. Klovnar er kjenneteikna av groteske klede og sminke, og at dei opptrer overdrive klossete i det dei gjer. I røynda er dei tilsynelatande keitete klovnane ofte dyktige akrobatar, sjonglørar og musikarar.

Tradisjonar[endre | endre wikiteksten]

Før i tida lærte ein klovn yrket frå barndommen av, medan familien turnerte med ulike sirkus. I dag finst det høgt estimerte undervisingsinstitusjonar, som The Clown Conservatory i San Francisco, som utdannar klovnar til store og kjende sirkus over heile verda.

I mange klovnenummer opptrer klovnen solo, men det finst òg klovnesketsjar med fleire klovnar som kan samverka med eller utan dialog, der dei kan prøva at lura, sjenera og hersa med kvarandre. Den danske artisten Georg Pless, kjend som Clown Georgy, gav ut samlinga Repertoar over Solo, Dobbel og 3Dobbel Entreer. Repricer i 1918 med 120 klovnenummer. Klovnar kan bryta ut i høglytt gråt framfor publikum når dei er uheldige, og bli utsett for triumferande latter når gapstrekane går utover nokre av dei andre klovnane.

Tradisjonelt finst det fire ulike klassiske klovnefigurer, med ulik påkledning og fysiognomi: Auguste-typen, den kvite klovnen, vagabond-klovn og karakter-klovn.

Den i dag stereotype klovnetypen «Auguste», med stor raud nase og kjempestore sko, er berre ein av mange moglege variantar. Opphavet til Auguste-typen er blitt tilskriven fleire, blant anna klovnen Charlie Rivel. Namnet «Auguste» kan òg stamma frå den kjente danske klovnen August Miehe (1889-1936), som opptredde som dummepetetr. Eit anna opphav kan koma frå det plattyske ordet for bondeknoll, auguste. Det viktigaste er å skapa ein komisk figur, som er lett å kjenna att på lang avstand.

Ein klassisk klovnefigur som skil seg ut frå dei andre, er den kvite klovnen, som gjerne er ein ganske flott fyr og ein særdeles myndig type. Han har høgraudt sminka munn, og ein litt sørgmodig mine, fint sminka augebryn; kanskje òg ein venleiksflekk på kinnet. Han kan vera kledd i elegant paljettbesett kostyme med vide bukser og ein høg, sukkertoppforma hatt. Denne klovnen er typisk den mest fornuftige av dei, og kan gjerne kjefta på dei. Dette får han aldri anna ut av enn å sjølv bli til latter.

Ikkje sjeldan er der musikalske innslag i klovnenummer, der klovnar kan vera habile musikarar på trompet, trekkspel fiolin eller eit anna musikkinstrument. Klovnen Grock kunne spela heile 24 instrument og italienske Alfredo Rastelli kunne spela på to trompetar samtidig. Musikkstykket Gladiatorinntoget av Julius Fučík blir ofte assosiert med klovneri.

Ettersom sirkus, i alle fall tidlegare, var ein internasjonal affære måtte artistane på turné, og særleg klovnane, læra seg nok framandspråk til å kunne kommunisera med publikum overalt. Klovnespråk er blitt nærast identisk med latterlege utgåver av ulike nasjonalspråk.

Vonde og uhyggelege klovnar[endre | endre wikiteksten]

Amerikansk klovnetradisjon skil seg frå den europeiske ved at utkleding og sminking gjerne er meir overdriven og grotesk, slik at klovnane kan verka meir uhyggelege. Særleg barn kan bli redde for det fastlagde smilet deira med dei høgt opptrekte munnviker. Denne uhyggeeffekten er blitt mykje brukt i skrekkfilmar, som med den vonde «Joker» i batmanfilmane og «Pennywise» i It av Stephen King. Klovne «Krusty» i fjernsynsserien Simpson er også ein vondskabsfull klovnefigur.

Kjende klovnar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Klovn