Klævold Kystfort

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei av fleire kanonstillingar med dreieskiver

Klævold Kystfort er eit mindre kystfort bygd på Klævoldsneset ved inngangen til Vadheimsfjorden av dei tyske okkupantane under andre verdskrigen. Her hadde dei god oversikt utover Sognefjorden. På neset finn ein i dag restane etter fire kanonstillingar, mura i stein og betong, med tilhøyrande bunkersar som var nytta til ammunisjons og dekningsrom.[1]

Kanonane er vekke, men dreieskivene i stål til står igjen. Der står framleis igjen ein intakt kommandobunkers i betong, som det etter krigen var bygd ei hytte oppå, der bunkersen fungerer som kjellar for hytta. Tuftene etter det som var ei kantine og kjøkenbrakke er godt synlege. Det står framleis to hus som truleg var nytta som ammunisjonslager.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Brakke

Kystfortet på Klævoldsneset var stridsklart i mars 1943. Det hadde til oppgåve å bekjempe sjømål på Sognefjorden, sperre innløpet til Vadheimsfjorden og sikre eigne (tyske) skip og konvoiar på fjorden. Det er ikkje kjent nøyaktig kor mange som tenestegjorde på Klævold. Men tilsvarande batteri var oppsett med 2 offiserar, 23 underoffiserar og 71 meinige, til saman 96 mann.[1]

På haugen over husa til Klævold bruk nr 4/2 sette dei opp synlege narrebygningar for å lure eventuelle fiendar som angreip. Kystfortet vart nedlagt i februar 1945, og våpen og ammunisjon vart flytta til Flostaøya ved Arendal.[2] Minefelta og brakkene stod igjen. 28. juni 1945 vart minene tekne opp, og seinare vart brakkene selde.[3]

Arsenal[endre | endre wikiteksten]

Hovudskytset var fire franske 10,5 cm K.331 (f) feltkanoner med rekke vidde på 12 000 meter. Til nærforsvar var dei oppsett med ein russisk 4,5 cm Pak (r) panservernkanon. Ein tysk 2,0 cm Kwk (Kampfwagenkanonene). Ei hollandsk mitraljøse (sMG), to holladnske MG (1MG). Tolv Abwehr 41 flammekastarar. I mai 1944 vart det lagt ut 959 miner i to minefelt nord og aust for fortet, og 24 miner i to vegsperringar. På Hamneneset, neset like nord for Klævoldnestet, bygde tyskarane opp enkle og godt synlege kanonstillingar med narrekanonar.[3]

Nede ved fjorden står ein mindre stilling, der det opphavleg var ein panservernkanon. I svingen oppe ved hovudvegen står ei MG-stilling med fri sikt i begge retningane. Ovanfor vegen ligg restane etter eit basseng som var nytta som vassverk. Elles er det spor og tufter etter nokre fleire bygningar og anna infrastruktur.[3]

Bunkers på kanonstillinga

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. 1,0 1,1 Berge 1995, s. 152
  2. Berge, Kjell-Ragnar (7. april 1990), «Arilleriovergruppe «Førde»», Firda: 31 
  3. 3,0 3,1 3,2 Berge 1995, s. 153
Bibliografi
  • Berge, Kjell-Ragnar (1995), Fronten er kysten! Oversyn over tyske festningsverk i Sogn og Fjordane 1940-1945, Eige forlag