Vadheimsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vadheimsfjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Høyanger kommune
Kart
Vadheimsfjorden
61°11′01″N 5°48′29″E / 61.183639°N 5.80799111°E / 61.183639; 5.80799111

Vadheimsfjorden er ein fjordarm på nordsida av Sognefjorden i Høyanger kommune.[1] Han strekkjer seg 5,5 km innover til Vadheim i botn av fjorden.

Utsyn over Vadheimsfjorden frå Vadheim

Fjorden har innløp mellom Afsnes i vest og Klevaldsneset i aust ved garden Klevald. Frå her går han rett nordover og om lag halvvegs, ved Floteneset, svingar han litt nordaustover, slik at ein ikkje kan sjå utgangen av fjorden frå Vadheim.

E39 går langs vestsida i den indre delen av fjorden, inn til Vadheim og vidare nordover. Den 3,4 km lange Bogstunnelen går gjennom fjellet Fløyen langs den ytre delen av fjorden. Langs heile austsida av fjorden går Rv55, mellom anna gjennom den 1,6 km lange Vadheimstunnelen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Vadheimsfjorden på Norgeskart.no frå Statens kartverk