Knut Andreas Agersborg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Knut Andreas Agersborg fødd 1766 på Rynes i Vefsn[1] og døydde same stad 30. april 1847[2]. Foreldra var Maren Larsdtr Hass og lensmann Petter Dass Agersbrog, Rynes. Knud Agersborg arbeidde som medhjelpar for far sin og overtok lensmannsstillinga i Vefsn etter at faren døydde i 1797, og han var i ombodet i 1838. Ved stortingsvalet 1823 fekk han like mange valmannsstemmer som proprietær J.G. Walnum, Herøy. Etter loddtrekking fekk Walnum stortingsplassen mens Agersborg vart første varamann. På det «4de ordentlige Storting» var det likevel Agersborg som møtte, sidan Walnum meldte sjukdomsforfall. Her fekk han plass i komiteen for jordbruk og fedrift.[3]

  1. Kyrkjebok, dåp Dolstad 1766
  2. Kyrkjebok Dolstad gravl. 1847
  3. T. Lindstød (1914): «Stortinget og Statsraad 1814–1914» 2. bind.