Kodaikanal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.

Kodaikanal er ein by i Dindigul distrikt i India i staten Tamil Nadu.[1]tamil tyder namnet «Skogens gåver».[2]

Kodaikanal blir òg omtalt som Princess of hill stations. Byen har ei lang historie som ein stad for kvile, rekreasjon og er ein populær turistdestinasjon.

Kodaikanal vart etablert i 1845 som ein stad der tenestemenn i den engelske koloniadminstrasjonen kunne kvila og slappa av frå tropesjukdomarDeccanplatået.[3] Mykje av den lokale økonomien er basert på turisme. I 2011 hadde byen 36 501 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det var ei lokal stamme, Palaiyar som først busette seg i Kodaikanal. Det er frå denne stammen vi har den tidlegaste kjende forteljinga om Kodaikanal og òg om Palanihøgda som finst i tamilsk litteratur .[3] Dagens Kodaikanal vart etablert av amerikanske misjonærar og tenestemenn i den britiske koloniadministrasjonen i 1845, ein stad der dei kunne finna kvile og avslapping frå heten og tropesjukdomar.1900-talet var det berre få av den indiske eliten som nytta seg av staden.[4]

På grunn av forureining frå av Unilevers indiske fabrikk Hindustan Unilever, vart det påvist kvikksølvutslepp, og staden fekk i 2010 eit tilbakeslag med sviktande turisme.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

1955 Topografisk kart over Kodaikanal

Kodaikanal ligg på eit platå over den sørlege fjellskrenten av Palanihøgda som ligg på 2 133 moh. mellom Parappar og Gundar Valleys. Desse toppane dannar den austlege grensa av fjella vest i Sør-India. Midt i Kodaikanal er det ein kunstig innsjø, fem kilometer i omkrins og innan få kilometer frå Kodaikanal ligg ein liten landsby, kalla Vattakanal som ligg i Diniguldistriktet på sørspissen av Palanihøgda i Tamil Nadu. Vattakanal er kjend som Vatta av dei fleste, eller Vesle Israel av dei lokale på grunn av dei mange turistar frå Israel som samlast der i vinterhalvåret.

Fjellsidene er graskledde med enorme eucalyptustre og tropisk regnskog.[5]

Kodaikanal er kjend for sin rike flora. Mellom dei største trea finn vi òg sypress og eukalyptus. Òg pæretre finst i stor mengd, og frukta har høg kvalitet. Like rik som skogen er, konkurrerer den rike floraen med frukttrea.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Økonomien i Kodaikanal er i det store og heile basert på turismen som auka frå ein million i 1999 til 3,2 millionar i 2009.[6] Infrastrukturen i byen vert endra kvart år for å førebu turistsesongen. Hovudgatene vert endra til einvegskjørte for å regulera den auka trafikken. Politi vert henta inn frå andre kantar av landet for å sikre tryggleiken til turistane og for å verna den lokale handelsstanden. Hotella er ofte fullt belagte under høgsesongen og vert praktisk talt tomme utanfor sesongen. På grunn av den raske utviklinga i dei næraste byane, som Madurai og Coimbatore, har Kodaikanal lært å få til heilårsturisme.

Det vert dyrka mange sortar frukter og grønsaker, plommer, pærer, chilipepar, gulrøter, blomkål, kvitlauk og lauk. Disse vert dyrka på terrassar omkring i byen. Det meste vert sendt til andre delar av landet, men noko vert selt lokalt. Populære suvenirar for turistane er handarbeid, heimelaga sjokolade, postkort og eukalyptusolje.

På grunn av den relative reine lufta vert Kodaikanal brukt til filmopptak, mellom anna filmen Jo Jeeta Wohi Sikandar.[7]

Transport[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste distansar frå Kodaikanal er rekna ut frå ein innsjø midt i byen. Næraste flyplassar er: Madurai, 135 km, Coimbatore, 170 km eller Tiruchirappaly, 200 km Næraste jarnbane: Palani 564 km, Kodaikanal 180 km eller Dindigul, 100 km og Madurai Junction 114 kilometer mot aust.[8][9] Frå Madurai, hyppige bussavgangar frå kl. 2 på natta til kl. 5 på ettermiddagen.

Helse[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste sjukehusa er KHMS Hospital, Van Allen Hospital, Government Hospital og The Prana Spa. Disse handsamar pasientar med alle vanlege sjukdomar og skadar og utfører operasjonar og hjelper til ved fødslar, men var i 2011 ikkje utstyrt med moderne medisinsk utstyr for vanskelege operasjonar og diagnosar.

KHMS hospital vart danna i 2009 for å kunna tilby førsteklasses helsehjelpa til tilturistar og fastbuande.

I april 1915 samla dr. Van Allen inn middel for å byggja det første hospitalet i Coaker's Walk og det fekk hans namn. Det er no oppgradert og har røntgen så vel som patologisk laboratorium og operasjonsstue og utstyr for blodoverføring.

Government Hospital ligg nær Rock Cottage på Shola Road. Det var eit lite offentleg hospital fram til 1927. No har det røntgen, utstyr for tannbehandling og kan mellom anna ta imot fødande.

Kvikksølv-ulukka[endre | endre wikiteksten]

Hovudartikkel: Kvikksølv-ulukka i Kodaikanal

I 2001 vart Kadaikanal ramma av ei katastrofeaktig ulukke då ein av Hindustans termometerfabrikkar i området slapp ut giftig kvikksølv på grunn av uforsvarlig lagring.

Religion[endre | endre wikiteksten]

Kurinji Andavar (Murugan) tempel bygde av Lady Ramanathan (R.L.Harrison) frå Australia, Ponnambalam Ramanathans kone

Sidan Kodaikanal vart grunnlagt av amerikanske og europeiske misjonærar finst ei rekkje kristne kyrkjer i Kodaikanal. Den mest prominente er ei kyrkje knytt til Sør-Indias kyrkje Den finns mange hindu-tempel i Kodaikanal som Durga og fleire moskear som Munjikal og fleire Buddist-tempel

Foreiningslivet[endre | endre wikiteksten]

Kodaikanal Golf Club
Kodaikanalsjøen

Kodaikanal har fleire vene attraksjonar å by på, turistane kan velja mellom 13 attraksjonar, kor to er menneskeskapte.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Aringnar Anna Zoological Park». Tamilnadu.com. 8. februar 2013. 
  2. «About City». Government of Tamil Nadu. Kodaikanal Department Of Municipal Administration And Water Supply. Arkivert frå originalen 16 March 2010. Henta 23 November 2009. 
  3. 3,0 3,1 Mitchell Nora
  4. Tamil Nadu Tourism Development Corporation and Department of Tourism
  5. Mighty anda til rock cascading streams lie above the valleys.
  6. S. Molur, K.G. Smith, B.A. Daniel and W.R.T. Darwall. «THE STATUS AND DISTRIBUTION OF FRESHWATER BIODIVERSITY IN THE WESTERN GHATS, INDIA» (PDF). s. 82. Henta 26. september 2011. 
  7. Filmapia.com
  8. Kodaionline
  9. Kodaikanal Travel Mode