Kognitiv dissonans

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kognitiv dissonans er ein ubehageleg tilstand som ein går ut frå oppstår som følgje av kognitiv konflikt.

Den amerikanske sosialpsykologen Leon Festinger hevda at i dei tilfella der tankar/kunnskap, innstillingar eller handlingar ikkje stemmer overeins, vil det oppstå ein konflikt som resulterer i ubehageleg aktivering, ein dissonanstilstand. Til dømes veit røykaren at det fører til helsefare å røyke. Denne konflikten mellom åtferd («eg røyker») og kunnskap («det er helseskadeleg å røyke») vil ifølgje Festinger skape ein dissonanstilstand. Personen vil i ein slik situasjon streve etter å redusere dissonansen ved anten å endre tankar/kunnskap (til dømes ved bagatellisering: «Det er ikkje så farleg å røyke som legane seier») eller ved å endre handling (slutte å røyke).

Teorien har vore mykje diskutert og forska på, og blir sett på som eit viktig prinsipp for å forstå haldningsendring og motivasjon. Til dømes tyder teorien på at det å klare å slutte å røyke (åtferdsendring) vil vere meir sannsynleg om røykaren gjer dette etter mildt ytre press enn etter sterkt ytre press. Ved mildt press vil røykaren oppleve dissonans mellom faktisk åtferd («eg røyker ikkje no») og haldning («eg liker å røyke»), og vil dermed endre haldninga («eg liker ikkje å røyke lenger»). Omvendt vil sterkt ytre press ikkje skape ein slik dissonanstilstand og derfor heller ikkje haldningsendring.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Helkama, Myllyniemi, Liebkind: Socialpsykologi – en introduktion (ISBN 91-47-04465-9)
  • Festinger, L. (1957): A theory of cognitive dissonance. Stanford, CA: Stanford University Press
  • Myers, D. G. (2008): Social Psychology. New York: McGraw-Hill