Kokebanan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein klase kokebananar.

Kokebanan eller mjølbanan (engelsk også plantain) er bananar ein hovudsakleg et etter å ha varmebehandla dei, til skilnad frå etebanan, som ein et rå. Kokebanan er viktig basisføde i Vest- og Sentral-Afrika, Karibia, Sentral-Amerika og nordlege og kystnære delar av Sør-Amerika. Plantar frå slekta Musa stammar frå tropiske delar av Søraust-Asia og Oseania, mellom anna Malay-arkipelet (dagens Indonesia, Malaysia, Brunei og Filippinane) og Nord-Australia.[1]

Ein kan bruka kokebananar når dei er mogne eller umogne. Dei er stiverike med nokså nøytral smak og er mjuke når dei er varmebehandla. Sidan bananar dannar frukt heile året, er kokebanan ein stabilt tilgjengeleg matvare.

Kokebananar er meir eller mindre komplekse hybridar av fleire artar i bananslekta, hovudsakleg Musa acuminata og Musa balbisiana. Omgrepet kan visa til ulike kultivarar som ein vanlegvis varmebehandlar før ein et dei. Det finst likevel ingen botanisk skilnad mellom vanleg banan og kokebanan. Varmebehandling er meir ein skikk enn ei nødvendig handling for mange bananar. Ein kan i røynda eta mogne kokebananar råe når mykje av stiva deira er omdanna til sukker. I nokre land der ein berre et nokre få banankultivarar kan ein ha eit klart skilje mellom typar brukte som etebanan og typar brukte som kokebanan. I andre land der det finst fleire kultivarar gjer ein ikkje skilnad på koke- og etebanan.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Musa species (banana and plantain)» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 28. februar 2014. Henta 12 April 2007. 
  2. J. Redhead (1989). M. Boelen, red. Utilization of Tropical Foods: Trees. FAO Food and Nutrition Paper. Food and Agriculture Organization of the United Nations. s. 32. ISBN 9789251027769. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kokebanan