Koksjenga
| Koksjenga | |||
| elv | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Nedslagsfelt | 5 670 km² | ||
| Lengd | 251 km | ||
| Middelvassføring | 35 m³/s | ||
| Kjelde | Der elvane Ileza og Petsjenga renn saman. | ||
| • høgd | 99 moh. | ||
| Munning | Ustia | ||
![]() Koksjenga 60°41′40″N 43°55′03″E / 60.694444444444°N 43.9175°E | |||
| Wikimedia Commons: Kokshenga | |||
Koksjenga (russisk Кокшеньга) er ei elv i Arkhangelsk og Vologda oblast i Russland og ei av sideelvane til Ustia frå venstre i nedslagsfeltet til Nordre Dvina.
Elva er 251 km lang og har eit eige nedslagsfelt på 5670 km². Ved landsbyen Moisejevskaja har elva ei middelvassføring på 35 m³/s.
Koksjenga oppstår der elvane Ileza og Petsjenga renn saman nær landsbyen Verzjnekoksjengskij Pogost i Tarnogskogo rajon i Vologda oblast.
Elva renn sørvestover og har ei breidde på 30-40 meter. I nærleiken av landsbyen Tarnogskij Gorodok tar elva ein stor sving nordvestover og tar imot elvane Tarnogu, Sjebengu og Uftiugu. Etter dette aukar breidda til 50-60 meter.
Gjennom Arkhangelsk oblast renn elva gjennom aude område med skogkledde breidder. Koksjenga munnar ut i Ustia, like før denne munnar ut i Vaga.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Кокшеньга» frå Wikipedia på russisk, den 16. oktober 2008.
