Kollektiv bruk av eintal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kollektiv bruk av eintal har vi når ei samling av einsarta ting eller individ vert sedd på under eitt og difor avmerkt med eintalsform av substantivet. Kollektiv bruk av eintal har vi særleg ved teljing, t.d. 10 fot, 100 mann, 20 mil, to sneis, fem prosent, men òg elles, t.d. «Det finst ikkje orm på Ny-Zeeland».

Ei særskild kollektivform har vi i ordet høns. I dansk språk finst slike særskilde kollektivformer ved fleire ord.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]