Konformitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Konformitet vert forstått som det å innordna seg dei normene som gjeld i ei gruppe eller eit samfunn meir generelt.[1] Konformitet er ei form for sosial påverknad der bestemde normer påverkar tenking og åtferd. Denne påverknaden kan skje både i små og store grupper, og òg i samfunnet generelt. Konformitet skilst frå lydighet (det å lyda andre) og føyelighet (det å samtykka til det andre ber om).

Funksjon[endre | endre wikiteksten]

Menneske opptrer ofte konformt for å bevare harmoni innover i ei sosial gruppe. Å opptre avvikande frå norma, nonkonformisme, kan innebera eit høve for sosial avvisning frå gruppa si, noko som sjeldan er ønskeleg. Konformitet er eit gruppefenomen og faktorar som kan vera med på å påverka i kva for ein grad eit individ opptrer konformt er blant annan gruppestorleik, einstemmigheit, status, tidlegare forplikting og offentleg oppfatning.

Påverknaden skjer i små grupper og i samfunnet som heilskap, og kan koma etter subtile ubevisste påverknader, eller ved direkte og utilslørt sosialt press eller gruppepress. Samsvarsfråsegna kan finnast i nærvær av andre, eller når ein person er åleine. Til dømes har menneske ein tendens til å følgja sosiale normer når dei et eller ser på TV, sjølv når dei er åleine.

Typar konformitet[endre | endre wikiteksten]

Konformitet skjer gjennom sosial påverknad, og ein skil gjerne mellom to ulike typar nemleg informasjonsbasert sosial påverknad og normativ sosial påverknad.

Informasjonsbasert sosial påverknad[endre | endre wikiteksten]

Ved informasjonsbasert sosial påverknad handlar menneske konformt ved å tru at handlingane til andre menneske reflekterer den korrekte åtferda i ein gjeven situasjon. Dette hender som regel i tvetydige situasjonar der menneske er usikre på kva slags åtferd som er passande, og handlar på bakgrunn av førehandstrua av at andre innehar meir kunnskap om situasjonen enn ein sjølv. Informasjonsbasert sosial påverknad vart først dokumentert i Muzafer Sherifs autokinetiske eksperiment frå 1936.[2]

Sherif ville undersøkja korleis ei sosial norm vert etablert i ei gruppe, og han illustrerte dette eksperimentelt i ein ustabil perseptuell situasjon, nemleg ved autokinetisk effekt. I studien vart deltakarar plassert i eit mørkt rom, og fekk melding om å stira på ein stilleståande lysflekk eit stykke unna. På grunn av den autokinetiske effekten ser det for deltakarane ut som om flekken rører seg, sjølv om han i røyndomen står stille. Ulike personar oppfattar ulik grad av rørsle når dei observerer ho åleine. Deltakarane i studien vart seinare spurd om å estimera kor mye lysflekken rørte seg saman med andre, og over tid tenderte deltakarane til å vera samd om kor mykje han rørde seg og svara vart modifisert til å vera konforme med gruppa. Sherif argumenterte for at eksperimentet simulerte korleis sosiale normer utviklar seg i eit samfunn.

Normativ sosial påverknad[endre | endre wikiteksten]

Påverknad gjennom normer vert gjerne kalla normativ sosial påverknad og er ein annan type konformitet. Ved å opptre konformt søkjer individ i ei gruppe å føla tilhørigheit til gruppa og eit behov for å likast og akseptert av andre i gruppa. Å opptre konformt kan motiverast av ei von om å motta løn eller unngå straff gjennom å utvisa semje med gruppa.

Eit eksperiment gjort av Solomon Asch kan stø opp under tendensen til menneske til konformitet i lys av normativ sosial påverknad. Asch samla studentar og fortalde dei at dei deltok i eit eksperiment som skulle studera perseptuell dømmekraft, medan det i utgangspunktet vart studert konformitet. Asch delte dei i ulike grupper for å løysa ei tilsynelatande enkel oppgåve. Berre eit medlem av gruppa var den uvitande forsøkspersonen, resten av gruppa jobba for eksperimentet. Oppgåva gjekk ut på å samanlikna kva for av dei tre linjene som var like lang som standard linje A. Dette var visuelt ikkje vanskeleg å sjå skilnad på. Gruppemedlemmane sat rundt eit bord og skulle etter tur gje eit svar. I følgje planen skulle personane medvite gje det same galne svaret. Då det var turen til forsøkspersonen, tvilte han på si eiga meining, trass i den enkle oppgåva. Dette kan verta forklart med at det hadde vorte danna ei norm om semje og dette er noko personen ikkje ynskte å bryta. Så mange som 37 % oppførde seg i samsvar med meininga til majoriteten, mot 1 % i kontrollgruppa som svara på oppgåva individuelt utan påverknad frå andre. Då forsøkspersonane fekk spørsmålet om kvifor dei svara som dei gjorde, fortale dei at dei gjorde det for å unngå ein mogleg avvisning.[3]

Graden av konformitet i Asch sine studium har likevel vorte diskutert og Hodges og Geyer (2006) har hevda at deltakarane ikkje var like konforme som Asch meinte.[4]

Bibb Latané (1981) har foreslege fleire faktorar som påverkar sannsynet for at ein person vil opptre konformt i samsvar med dei sosiale normene til ei gruppe, blant anna viktigheita av gruppa, fysisk avstand mellom gruppa og ein sjølv og mengd personar i gruppa.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Myers, D. G. (2009) Exploring Social Psychology (5th ed.). New York: McGraw-Hill.
  2. Sherif, M. (1936). The psychology of social norms. New York: Harper
  3. Myers, D. G. (2009) Exploring Social Psychology (5th ed.). New York: McGraw-Hill.
  4. Hodges, B. H., & Geyer, A. L. (2006). A Nonconformist Account of the Asch Experiments: Values, Pragmatics, and Moral Dilemmas. Personality and Social Psychology Review 10 (1), 2–19. doi:10.1207/s15327957pspr1001_1.
  5. Latané, B. (1981). The psychology of social impact. American Psychologist 36 (4), 343–56. doi:10.1037/0003-066X.36.4.343.