Kong Haakon VII Hav

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kong Haakon VII Hav is located in Antarktis
Kong Haakon VII Hav
Kong Haakon VII Hav (Antarktis)

Koordinatar: 67°00′S 20°00′E

Områdekart over Kong Haakon VII Hav.
Kong Haakon VII Hav ved Kronprinsesse Märtha Kyst, Prinsesse Astrid Kyst og Prinsesse Ragnhild Kyst.

Kong Haakon VII Hav er eit randhav i Sørishavet ved kysten av Aust-Antarktis.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kong Haakon VII ligg mellom Weddellhavet og Lazarevhavet, og strekkjer seg langs Kronprinsesse Märtha Kyst frå Cape Norvegia ved 12°18'W, det austlegaste punktet i Weddellhavet, til Fimbul isbrem nær nullmeridianen ved 0°0', som vert rekna som den vestlege grensa til Lazarevhavet.

Frå eit norsk synspunkt, som ikkje anerkjenner Lazarevhavet strekkjer Kong Haakon VII Hav seg langs heile kysten av Dronning Maud Land mellom 20 °V og 45 °A, eit stykke på kring 10 090 km frå Stancomb-Willsbreen ved 19 °W ved Kronprinsesse Märtha Kyst iv est til Shinnanbreen ved 44°38'E ved austgrensa av Kronprins Olav Kyst i aust.[1][2]

Havområdet er isdekt det meste av året. Om hausten dannar det seg pakkis som ikkje bryt opp før til våren.

Området er viktig for ross-selen (Ommatophoca rossii).[3][4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

27. januar 1820 vart russaren Fabian Gottlieb von Bellingshausen den første som oppdaga Terra Australis (Antarktis) då han segla i Kong Haakon VII Hav nær Fimbul isbrem ved Kronprinsesse Märtha Kyst.[5][6]

Området er kalla opp etter Haakon VII, den første kongen av Noreg etter unionen med Sverige var slutt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. [1], David McGonigal, "Antarctica: Secrets of the Southern Continent", 2009, Frances Lincoln Publishing, London, ISBN 0-7112-2980-5, accessdate=14. oktober 2012
  2. [2], Bernadette Hince, "The Antarctic dictionary: a complete guide to Antarctic English", 2000, Csiro Publishing, Collingwood, Australia, ISBN 0-9577471-1-X, accessdate=14. oktober 2012
  3. [3], Polar Conservation Organisation (PCO), accessdate=14. oktober 2012
  4. [4], American Society of Mammalogists (ASM), accessdate=14. oktober 2012
  5. [5], Polar Cruises.com, accessdate=14. oktober 2012
  6. [6], Antarctic-circle.org, accessdate=14. oktober 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]