Kongevatn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kongevatn i NMR-røyr

Kongevatn (lat. Aqua regia) er ei blanding av konsentrert saltsyre og salpetersyre i høvet tre til ein, namnet kjem av at stoffet kan løysa opp det «kongelege» stoffet gull.

Nytte[endre | endre wikiteksten]

Kongevatn vert nytta til etsing, og i nokre analyseprosessar, det vert òg nytta i somme labratorium til å reinse glaskar for organiske stoff og metallpartiklar.

Prosess[endre | endre wikiteksten]

Når kongevatn løyser opp gull, vil salpetersyra løysa opp ei knapt umerkeleg mengd gull, noko som gjer at det dannast gull-ionar (Au3+). Rein salpetersyre ville straks verta metta, men klor-iona (Cl-) i kongevatnet vil no binda seg til gull-iona, som so vert felt ut av løysinga. Sånn kan salpetersyra ta opp meir gull, og prosessen held fram til gullet er løyst opp.

Ei likning for prosessen:

Au + 3NO3- + 6H+ → Au3+ + 3NO2↑ + 3H2O
Au3+ + 4Cl- → AuCl4-

Kongevatn kan òg løysa opp platinium, men dette er ein mykje meir komplisert prosess:

Pt + 2 HNO3 + 4 HCl → (NO)2PtCl4 + 3 H2O + 1/2 O2 (NO)2PtCl4 + 2 HCl → H2PtCl4 + 2 NOCl

Sølv blir ikkje oppløyst av kongevatn på denne måten, sidan det vil bli danna eit sjikt av sølvklorid som vernar metallet mot vidare syreåtak.

Kongevatn må blandast rett før ein skal bruke det. Etter at kongevatnet er blanda,, vil det rask brytast ned og misse eigenskapen til å løysa opp gull.

HNO3 + 3 HCl → NOCl + 2 Cl + 2 H2O

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Engelsk Wikipedia