Konkavgitter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Konkavgitter er eit optisk gitter rissa inn på ei konkav, vanlegvis sfærisk, spegelplate. Konkavgitteret blir brukt i spektroskop og spektrografar. Det overflødiggjer linser eller holspegel i det gitteret sjølv virkar som ein holspegel. Konkavgitter blir særleg nytta ved undersøking av stråling som blir absorbert i linser, altså ultrafiolett og infraraud stråling.

Konkavgitteret vart funne opp av Henry Augustus Rowland.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]