Konsertalbum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit konsertalbum er eit musikkalbum som er innspelt på konsert med tilskodarar til stades. Konsert-opptak kan av og til låte dårlegare enn originale innspelingar, ettersom dei ikkje vert spelt inn i studio. Artistane får dermed ikkje fleire sjansar om dei til dømes skulle bomme eller synge falsk. Somme konsertalbum inneheld difor opptak frå to eller fleire konsertar, som så er miksa saman.