Konsonant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Konsonantar eller medlydar er i fonetikken lydar i talespråket som er slik at luftstraumen treffer på ei eller fleire hindringar på vegen frå lungene til munnen eller nasen. Det vil seie at til dømes t og v er konsonantar, medan a og o ikkje er det.

I fonologien er hovudregelen at ein konsonant ikkje er stavingsberande. På det grunnlaget kan ein seie at n på norsk som regel er ein konsonant. Den norske j-en blir i mange variantar av norsk uttala akkurat som ein kort i, som er ein vokal. Men likevel blir han rekna for å vere ein konsonant (eller stundom for ein halvvokal), sidan han ikkje er stavingsberande.