Konvektiv nedbør

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Konvektiv nedbør

Konvektiv nedbør er ein sort nedbør som ofte fører med seg tore og lyn.

Dersom bakken blir oppvarma blir også lufta rundt oppvarma. Den varme lufta stig til vêrs. Denne lufta inneheld fukt på grunn av fordamping frå opent vatn og plantedekket. Når lufta stig opp der det er kaldare, kondenserer ho og det blir danna haugskyer (kumulusskyer). Skya sluttar ikkje å vekse før temperaturen i skya og lufta rundt er jamna ut. Inne i desse skyene er det sterk vind oppover. Vassdropar frys til ispartiklar som kan løftast opp til store høgder av vinden inne i skyene, og «ambolten» på toppen av desse skyene er ispartiklar som blæs bort. Dersom eit slikt byevêr kjem mot ein, vil ein først merke ein sterk vind. Det er fordi ved utkanten av desse skyene er det stor fallvind. Etter vindgufset kjem kraftig nedbør.

Når store partiklar fell og mindre partiklar svever eller stig, vil det bli danna elektrisk ladning. Dette fører til at ulike delar av skya har ulik ladning. Dei elektriske ladningane blir utlada i form av lys og lyd, som er tore og lyn. Lyden kjem av at lufta omkring lynet plutseleg utvidar seg på grunn av varmen.