Kopphaldar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kopp og kopphaldar frå Det osmanske riket frå 1800-talet.
Russisk teglashaldar eller podstakannik.

Kopphaldar er ei innretning som kan sitja rundt ein kopp, glas eller flaske og halda innhaldet trygt eller gjera det lettare å bruka ilåtet.

Innan ulike drikketradisjonar finst det eigne typar kopphaldarar. Innan russisk tekultur har ein til dømes brukt ein podstakannik, eller teglashaldar, av metall med handtak som ein plasserer teglas oppi. Ei liknande innretning for kaffiglas (fincan) er kjend som zarf (eigentleg 'ilåt, konvolutt') i arabiske område. I moderne tid er likande haldarar av plast eller papp blitt brukt i lag med tynne koppar i liknande materiale for å gjera det lettare å halda dei med varm drikke i.

Kopphaldarar i bygningar, møblar og kollektivtransport[endre | endre wikiteksten]

Kopphaldar på ein buss.

Kopphaldarar kan også vera faste innretningar i bygningar eller fargreier, anten for å oppbevara koppar når dei ikkje er i bruk eller for å setja dei i når dei er i bruk, men ein ikkje drikk av dei. Dette gjer det lettare å hindra at dei velter eller blir velta og søler drikke utover. Kopphaldarar kan vera enkle hol i bordplater eller konsoll, noko ein gjerne finn ombord på båtar. Dei kan også festast på bordplater, til dømes ved hjelp av ei klype,[1] eller monterast på ein vegg. Ein annan type er kopphaldarar som er nedslagbare frå veggen eller ryggen av stolsetet framfor ein på ulike former for kollektivtransport.

Kopphaldarar i bil[endre | endre wikiteksten]

Ein har seld kopphaldarar som tilleggsutstyr til bilar omlag så lenge som privatbilisme har vore utbreidd, med døme frå 1920-talet.[2] Utbreiinga av kopphaldarar i bilar blei større i lag med ulike typar drive-in-stader. Hanskerom i bilar kunne til dømes lagast med ei innside som hadde rom for koppar og mat eller avfall så tidleg som i 1957 med bilmodellen Chevrolet Bel Air.[3] Desse kunne halda glas og koppar medan bilen stod stille, men ikkje når han var i fart. I takt med utviklinga av drive-through-stader trengte ein tryggare haldarar som ikkje sølte sjølv når ein køyrde. Desse blei selde separat frå 1960-talet, og blei gjerne hekta fast ved vindauga eller mellom frontsetene og midtkonsollen. Det blei etterkvart utvikla bilar med tryggare kopphaldarar, mellom anna med fjøring slik at koppar i ulike storleikar sat stødig. Det har vore ei utfordring for bilprodusentane å møta dei stadig større glasa og koppane som blir selde på serveringsstader.

Kopphaldarar til barnevogn[endre | endre wikiteksten]

Det finst ei rekkje kopphaldarar for barnevogner. Desse kan ein anten bruka til å ha drikkekar til barnet i vogna i,[4] eller koppen til den som triller.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Koppholder som kan klypes fast til bordkanten, Letsdeal.no, henta 20. februar 2018 
  2. Automotive Fun Fact: How Cup Holders Arrived in American Autos, Rad Air, henta 20. februar 2018 
  3. Alton Brown på TV-programmet Feasting on Asphalt (episode 1), Food Network
  4. Buggy Cup Holders - Pushchair Cup Holder Tray, Mothercare, «Mothercare have universal cup holders that can fit any pram perfect for your little ones juice bottle keeping it on hand anytime.» 
  5. Buggy Cup Holder - Pram Cup Holder, LittleLife, henta 20. februar 2018, «Keep your drink close to hand with the buggy cup holder. The rigid, upright design securely attaches to your buggy handle so that you can take your coffee or beverage on the road with you.»