Korallrev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Satellittfoto av det store barriererevet ved Australiakysten

Korallrev er store koralldyrkoloniar bygd opp av korallpolyppar og skjeletta deira. Ein finn dei hovudsakleg i næringsfattig, grunt og klårt havvatn i tropane. Me har tre slag korallrev: barriererev, kystrev og atollar. I Noreg finst såkalla kaldtvasskorallrev.

Korallreva husar eit biologisk mangfald som berre vert overgått av det i regnskogane. Berre av fisk finn ein over 4000 ulike artar her.

Verdskart med korallrev avmerkte i raudt.

Korallar veks både i tropisk og temperert hav, men dei fleste korallreva blir til i ei sone som strekker seg rundt 30° nord og sør for ekvator.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Korallrev
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.