Korjakskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Korjakskij
fjell
Korjakskij tårnar over Avatsjabukta
Land  Russland
Område Kamtsjatka
Fjelltype Stratovulkan
Høgd 3 456 moh.
Primærfaktor 2 999 m m
Siste utbrot 1957
Lettast tilkomst lett fjell- og snøklatring
Koordinatar 53°19′N 158°41′EKoordinatar: 53°19′N 158°41′E
Kart
Korjakskij
53°19′0″ N 158°40′0″ E
Wikimedia Commons: Koryaksky Volcano

Korjakskij eller Korjakskaja sopka (russisk Корякская сопка) er ein vulkanKamtsjatkahalvøya lengst aust i Russland. Han er synleg frå det administrative senteret i Kamtsjatka kraj, Petropavlovsk-Kamtsjatskij. I lag med den nærliggande vulkanen Avatsjinskij er han erklært ein dekadevulkan på grunn av dei tidlegare eksplosive utbrota og nærleiken til store busette område.

Geologisk historie[endre | endre wikiteksten]

Kojrakskij er ein del av Eldringen der Stillehavsplata glir under den eurasiatiske plata med om lag 80 mm/året. Ein mantelkile ligg mellom dei to platene og er årsaka til den dynamiske vulkanske aktiviteten på heile Kamtsjatkahalvøya.

Vulkanen har truleg vore aktivt i fleire titusentals år. Geologiske funn indikerer at det har vore tre store utbrot dei siste 10 000 åra, ved 5500 f.Kr., 1950 f.Kr. og 1550 f.Kr. Desse tre utbrota har ført til omfattande lavastraumar.

Nyare aktivitet[endre | endre wikiteksten]

Skydanning over Korjakskij

I historisk tid hadde Korjakskij det første utbrotet i 1890 då lava strøymde ut av sprekker på sørvestsida av vulkanen og det oppstod freatiske eksplosjonar. Ein trudde det skulle kome eit nytt utbrot fem år seinare, men det skjedde ikkje. Det ein trudde var starten på eit nytt utbrot var berre damp som oppstod på grunn av kraftige fumaroler.

Eit anna kort, moderat eksplosivt utbrot skjedde i 1926, og så først i 1956. Utbrotet i 1956 var meir eksplosivt enn dei tidlegare kjende utbrota, med ein vulkaneksplosivitetsindeks på nivå 3, pyroklastiske straumar og laharar. Utbrotet varte til juni 1957.

Sidan den gong har ikkje vulkanen vist teikn på fleire utbrot, men seismisk aktivitet og fumaroler indikerer at vulkanen framleis er aktiv. I lys av at han ligg nær Petropavlovsk-Kamtsjatskij vart Korjakskij erklært ein av dei seksten dekadevulkanane i 1996, som eit ledd i SN sitt internasjonale tiår for reduksjon av naturkatastrofar, i lag med den nærliggande vulkanen Avatsjinskij.

Korjakskij sett frå den nærliggande Avatsjinskij

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Droznin D., Levin V., Park J., Gordeev E. (2002), Detailed Mapping of Seismic Anisotropy Indicators in Southeastern Kamtsjatka, American Geophysical Union, Fall Meeting 2002
  2. Levin V., Park J., Gordejev E., Droznin D. (2002), Complex Anisotropic Structure of the Mantle Wedge Beneath Kamtsjatka Volcanos, American Geophysical Union, Fall Meeting 2002
  3. Taran Y.A., Connor C.B., Shapar V.N., Ovsyannikov A.A., Bilichenko A.A. (1997), Fumarolic activity of Avachinsky og Koryaksky volcanos, Kamtsjatka, from 1993 to 1994, Bulletin of Volcanlogy, v. 58, p. 441-448

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]