Korsfjorden i Alta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Korsfjorden (samisk Fielvuotna) er ein fjord i Alta kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 11 km austover til Elvestrand i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Klubben i nord og bygda Storekorsnes i sør. Vest for Storekorsnes ligg innløpet til Altafjorden som går sørover til Alta. Det ligg to bygder til ved fjorden, Korsfjord på nordsida og Nyvoll tvers over fjorden på sørsida. Mellom desse to bygdene går det eit ferjesamband som er ein del av Riksveg 883. Rv883 går langs sørsida av fjorden.

Koordinatar: 70°14′8.3976″N 23°21′26.197″E