Kosmologisk konstant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Estimert forholdstal mellom mørk materie og mørk energi (som kan vere den kosmologiske konstanten) i universet. Mørk energi dominerer no energien i universet, i motsetnad til tidlegare epokar då han var uviktig.

Den kosmologiske konstanten (vanlegvis skriven med den greske bokstaven lambda: Λ) er ein konstant i generell relativitetsteori. Han vart opphavleg innført av Albert Einstein for å skildre eit lukka (slutta), statisk univers. Den moderne tolkinga av den kosmologiske konstanten er knytt til vakuum-energi, som kan forklare akselerasjonen av utvidinga til universet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]