Kosmopolitisk utbreiing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ei kosmopolitisk utbreiing eller ein kosmopolitisk distribusjon i biologien er eit uttrykk for at ein art eller ein biologisk kategori, til dømes familie, er utbreidd over heile verda. Eksempel er menneske, mange artar av kvalar, tistelsommarfugl. I omgrepet ligg det implisitt ei avgrensing til det naturlege miljøet, til dømes brugde finst i havet i område med temperert klima, både på den sørlege og den nordlege halvkula, men ikkje i tropane og ikkje i ferskvatn.

Omgrepet ein kosmopolitt (gr kosmos '(verds)orden', polites 'borgar') blir bruka for å nemne at det som vert omtala gjeld heile verda. Om personar: ein kosmopolitt er ein verdsborgar, ein som reknar heile verda som sin nasjonale eining.

Kjelder