Menneske

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Menneske
Ulike menneske
Ulike menneske
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Primates
Overfamilie: Hominoidea
Familie: Hominidae
Slekt: Homo
Art: Menneske H. sapiens
Vitskapleg namn
Homo sapiens

Mennesket (Homo sapiens) er ein art av menneskeapane som går oppreist på to bein. Det har ein velutvikla hjerne som mogleggjer språkbruk, abstrakt tenking og sjølvforståing. Desse eigenskapane gjer at arten bruker reiskapar i større utstrekning enn nokon annan. Menneska finst på alle kontinenta og har tilpassa seg eit vidt omfang av omgjevnader. Det finst i dag over seks milliardar menneske i verda, fleire enn noko anna pattedyr.

Kva som skil menneska frå andre dyr har oppteke forskarar og filosofar i tusenvis av år. Ulike karakteristikkar er føreslått, som at dei bruker reiskapar, har medkjensle og høg intelligens, tek seg av sjuke og funksjonshemma, bruker språk og klede, har utvikla jordbruk, vitskap og religion, er glade i kunst og underhaldning. Nokre av desse eigenskapane finst hos andre dyr, men er ikkje så uttalte som hos menneske-arten.[treng kjelde]

Studiet av mennesket og menneskesamfunnet skjer innanfor alle akademiske retningar, både i humanbiologi, medisin, psykologi, antropologi, økonomi, sosiologi og lingvistikk, for å nemna eit lite utval.

Dei eldste fossila ein kjenner til av tidlege H. sapiens vart funne i Jebel Irhoud i Marokko. Dei er daterte til 315 000 år sidan.[1][2][3][4][5]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Menneske søkjer gjerne saman i grupper.
For meir om dette emnet, sjå Menneskekroppen.

Menneska går oppreist på to bakbein og nyttar heile hælen. Høgda varierer, men ligg vanlegvis mellom 145–180 cm for kvinner og 165–195 cm for menn. Vekt kan variera endå meir mellom individ, ettersom menneske lett utviklar feittlager av ekstra føde. «Normalt» vektområde kan seiast å vera 40–100 kg.

Samanlikna med andre primatar har menneska større hjerne. Han er typisk 1 400 cm³, dobbelt så stor som hjå gorillaer og sjimpansar. Menneska skil seg òg frå slektningane sine ved å ha kortare armar og ved å ha utvikla ein motståande og roterande tommel som opnar for finmotorikk. Tærne er derimot lite førlege, og blir mest brukte til å halda balansen.

Menneske har lite hår samanlikna med dei andre primatane. Tett hårvekst finn ein berre visse stader på kroppen, som oppå hovudet, under armane og i skrittet, men det finst likevel spreidde hårsekkar over heile kroppen.

Medan den vanlegaste hårfargen blant menneske er svart finst det òg mange andre fargar som går frå nesten kvitt til brunt eller raudt/oransje. Den hovudsakleg nakne huda kan gå frå å vera nesten fargelaus, noko som gjev ein rosa let ettersom blod viser gjennom, til mørkt brun. Pigmenta som fargar huda blir kalla melanin, og vernar mot UV-stråling. Hud som blir utsett for mykje sollys utviklar meir melanin, og blir brunare.

Livssyklus[endre | endre wikiteksten]

Ungar blir normalt fødde etter svangerskap på 38 veker. Dei er hjelpelause ved fødselen, og treng omsorg og opplæring i fleire år. I alderdommen, som også kan vera lang, treng menneske ofte liknande hjelp og omsorg.

Kjønnsmogninga skjer normalt ved tolv til femten års alder, men særleg gutar kan halde fram med å veksa fram til tjueårsalderen. Menn er teoretisk fruktbare heile livet, medan kvinner går gjennom ein overgangsalder som gjer at dei ikkje kan unnfanga lenger når dei er om lag femti.

Kor lenge folk lever kjem an på ytre tilhøve. I område der menneske har god tilgang på mat og helsestell er forventa levealder rundt 80, noko lågare for menn og noko høgare for kvinner. I land og tidsrom prega av svolt og sjukdom er levealderen lågare, typisk litt over 30 år. Under gode tilhøve kan menneske bli opptil eitt hundre og tjue år gamle, med 122 år og 164 dagar som den høgaste målte levealderen til no.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Unge tibetanske gutar følgjer sin buddhistiske kultur.

Menneske lever som regel i små grupper, ofte ei form for familie, som igjen kan vera del av eit større samfunn. Gruppene sosialiserer dei yngre menneska og samarbeider om å klara seg. Det er vanleg å spesialisera seg til ulike oppgåver eller yrke innanfor gruppa eller samfunnet.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Ei gruppe vil ha fleire tradisjonar for korleis ein lever og underheld seg sjølve. Kultur er eit samleomgrep for desse. Til dømes vil alle grupper ha visse levereglar og tabu. Bryt ein med desse kan ein blir utestengd eller straffa med fangenskap, vald eller drap.

Konflikt[endre | endre wikiteksten]

Grupper av menneske har ofte ei kjensle av å høyra til som kan gjera at dei går saman mot ei anna gruppe. Konfliktar mellom ulike grupper kan føra til mindre slåsting eller krigar.

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

I følgje genetisk og antropologisk forsking utvikla menneska seg i Afrika [6] for mellom 100 og 200 000 år sidan. Frå Afrika spreidde dei seg vidare utover i Eurasia og deretter Oseania og Amerika.

Genetikk[endre | endre wikiteksten]

Menneske har diploide celler som kvar inneheld to sett av 23 kromosom, eitt frå kvar av foreldra. 22 av setta inneheld nært identiske, homologe kromosom, medan det 23. paret er kjønnskarakteriserande: Kvinner har to X-kromosom, medan menn har eitt X-kromosom og eit Y-kromosom.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. University of Huddersfield (20. mars 2019). «Researchers shed new light on the origins of modern humans – The work, published in Nature, confirms a dispersal of Homo sapiens from southern to eastern Africa immediately preceded the out-of-Africa migration». EurekAlert!. Henta 23. mars 2019. 
  2. Rito T, Vieira D, Silva M, Conde-Sousa E, Pereira L, Mellars P, et al. (mars 2019). «A dispersal of Homo sapiens from southern to eastern Africa immediately preceded the out-of-Africa migration». Scientific Reports 9 (1): 4728. Bibcode:2019NatSR...9.4728R. PMC 6426877. PMID 30894612. doi:10.1038/s41598-019-41176-3. 
  3. Sloat, Sarah (4. januar 2018). «Everything We Learned in One Year About Thousands of Years of Human Evolution». Inverse. Arkivert frå originalen 26. januar 2018. 
  4. Antón, Susan C.; Swisher III, Carl C. (2004). «Early Dispersals of homo from Africa». Annual Review of Anthropology 33: 271–96. doi:10.1146/annurev.anthro.33.070203.144024. 
  5. Trinkaus Erik (2005). «Early Modern Humans». Annual Review of Anthropology 34: 207–30. doi:10.1146/annurev.anthro.34.030905.154913. 
  6. Ørmen, T., Historien om oss — menneskets biologiske utvikling, Humanist forlag, 2010.
  • hf.faa.gov – oversyn over typisk høgd for amerikanske menn og kvinner

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Menneske
Wikispecies
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Homo sapiens