Kote

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kart med kotar

Ein kote eller ei høgdekurve er ei line som viser høgdeendringar på eit kart. Alle punkta på ein kote ligg like høgt over havet. Der det er tettast mellom kotane er altså terrenget brattast. På sjøkart vert linjer med same havdjupne kalla isobatar.

Kotar løyser problemet med å projisere eit tredimensjonalt landskap ned i to dimensjonar. Tenk deg eit langt tau som ligg horisontalt og pressa inn mot landskapet, men alltid nøyaktig i same høgd. Tauet vil snirkle seg bortover i landskapet. Sjå så for deg at du ser det heile ovanfrå. Alle punkt på tauet har lik høgd.

I samband med kotar snakkar vi òg om ekvidistanse, som fortel kor langt det er mellom kotane vertikalt i terrenget. Om ekvidistansen til dømes er 20 meter, er det 100 høgdemeter mellom fem kotar.

Kvar femte kote er tjukkare enn dei andre, og blir kalla «tellekote».

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]