Kråkmo
Kråkmo er ei grend ved E6 i Sagelvdalføret i Hamarøy kommune i Nordland fylke, ved sørenden av Fjerdevatnet (Kråkmovatnet).
Historie[endre | endre wikiteksten]
Staden vart rydda på midten av 1800-talet. Knut Hamsun skreiv mellom anna Segelfoss by og delar av Markens grøde her.[1]
Kråkmoranet den 6. september 1996 var ein væpna aksjon mot to ranarar der begge to vart pågripne; Politiet skaut ein av ranarane då han prøvde å flykte frå staden.[1]
Klima og næringsliv[endre | endre wikiteksten]
Kråkmofjellet er spesielt vêrhardt, og trailerar står ofte fast om vinteren. På Kråkmo fall det i januar 1964 514 mm nedbør som er rekord for landsdelen.
Her er det vegkafé.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 «Kråkmo» i Store norske leksikon, snl.no.. Vitja 2018-04-22
- «Kråkmo» i Store norske leksikon, snl.no.