Krem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kakao med krem

Krem av fransk crème ('fløyte') er eit skum av piska fløyte som gjerne vert tilsett sukker og andre smaksstoff og bruka i dessertar og kaker. Kremfløyte bør ha eit feittinnhald på minst 35 %, og ikkje vere homogenisert.

I følgje «Opplysningskontoret for meieriprodukter» har 44 % av nordmennene riskrem til dessert på julaftan, medan 20 % har moltekrem. Moltekremen dominerer hos folk over 60 år i i Nord-Noreg og Trøndelag.

Ordet krem skal vere ein samanblanding av gallisk crama 'fløyte' og gresk khrisma 'salve'. Ordet krem vert òg bruka om blandingar av fløytekrem og andre matvarer, spesielt egg, eller om andre liknande blandingar høvelege som kakefyll eller dessert, som smørkrem. Ein spesiell krem er trollkrem. som vert piska av tytebær, sukker og eggekvite.

Ordet krem vert og bruka om salveliknande smøre- og pussemiddel, både ansiktskremar og skokrem.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]