Kreutz-familien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kreutz-solstrykar)
Kreutz-kometen C/2011 W3 (Lovejoy), som overlevde ferda gjennom solkoronaen, sedd frå den internasjonale romstasjonen

Kreutz-familien er ein familie av solstrykande kometar. Dei er truleg delane av ein ekstremt stor komet som gjekk i oppløysing for fleire tusen år sidan. Dei aller fleste oppdaga Kreutz-kometane (oppdaga av SOHO-observatoriet) har gått i oppløysing nær sola stutt tid etter oppdaginga.[1]

Familien er namnsett etter den tyske astronomen Heinrich Kreutz som på slutten av 1800-talet fann ut at alle solstrykarar oppdaga til då fylgde den same banen.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]