Krigsmedaljen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Krigsmedaljen vart stifta 23. mai 1941. Den kan delast ut til norske og utanlandske militære og sivile som på ein fortenesteleg måte har delteke i krigen for Noreg. Medaljen er i bronse. På adversen har medaljen Kong Haakon VII sitt bilete, namn og valspråk. På reversen er det ein krans med omskrifta "Krigsmedalje" og kongen sitt monogram på kvar side. Bandet er i fargane til riksbannaret: raudt og gult. Dersom ein mottakar gjer seg fortent til medaljen fleire gongar, vert det sett på opp til tre stjerner på bandet.