Krigsrett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Finsk krigsrett i 1944

Krigsrett er i vanleg språkbruk ein militær straffedomstol som vanlegvis dømmer og fastset straff for soldatar for brot på militær strafferett.

I norsk lovverk blei omgrepet etter Den militære rettergangslov av 29. mars 1900 bruk tom domstolar som i krigstid skulle vera første instans i militære straffesakar.

Ordninga med særskilde militære domstolar blei opphevet ved lov av 24. juni 1994. For krigstid gjelder likevel visse særreglar for militære straffesakar.[1] Sakane kan sentraliserast til enkelte tingrettar, sakar for lagmannsrett skal alltid gå for meddomsrett (det vil seia utan jurydeltaking) og det er eigne utval med militære meddommarar både i første instans og i lagmannsretten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jf. straffeprosessloven av 22. mai 1981 kap. 34.