Kringsetjinga av Leningrad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dagboka til Tanja Savisjeva, ei 11 år gammal jente, der ho noterte ned korleis bestemora, så onkelen, deretter mora, og etter det broren døydde av svolt. Den siste nedteikninga i dagboka seier: «Berre Tanja er tilbake.» Ho døydde sidan av svolt, ho òg. Dagboka hennar blei vist fram under rettssakene i Nürnberg etter krigen.

Kringsetjinga eller omlægringa av Leningrad, også kjend som Leningrad-blokaden (på russisk språk блокада Ленинграда - blokada Leningrada) var ein militæroperasjon frå aksemaktene for å erobre Leningrad (no Sankt Petersburg) under andre verdskrigen. Omlægringa varte frå 9. september 1941 til 18. januar 1943, då det blei etablert ein smal landkorridor inn til byen. Heilt slutt var det ikkje på blokaden før 27. januar 1944. Omlægringa av Leningrad var ei av dei lengste, mest øydeleggjande og dødelege omlægringane av viktige byar i moderne historie.

Dei sovjetiske tapa var 332.059 soldatar drepne, 24.324 soldatar døydde utanom kamphandlingar, 111.142 soldatar sakna, 16.470 sivile drepne i kamphandlingar og 1,2 millionar sivile døydde av svolt. Dei tyske og finske tapa rundt Leningrad er ukjende.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]