Kroksjø
Utsjånad
Ein kroksjø er ein U-forma innsjø når ein sving i ei elv vert fråskild hovudleia til elva. Innsjøtypen har fått namnet fordi forma liknar ein krok sett frå lufta. I Australia vert ein kroksjø kalla ein billabong.
Når ei elv renn over ei slette, ofte den nedre delen av elva før ho munnar ut i havet eller ein innsjø, dannar ho ofte eit svingete elvefar, eit meander. Det samlar seg opp avleiringa i innersvingen av elva, medan elva grev seg djupare inn i yttersvingen. Dette kan føre til at elva bryt gjennom yttersvingen og dannar eit nytt elvefar, medan den gamle svingen vert verande att som ein kroksjø.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Oxbow lake» frå Wikipedia på engelsk, den 18. mars 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- NASA Remote Sensing Tutorial: Fluvial/Deltaic/Coastal Landformer Arkivert 2007-03-12 ved Wayback Machine.