Meander

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For ornamentet i kunst, sjå meanderbord.
Meander på Nowitna-elva i Alaska
Synneren er ein kroksjø i Ringerike kommune

Meander eller elvesving er ein spesiell type elvebuktingar som blir danna i elvar på svært svakt hellande underlag.[1] Nemninga meander har opphav i namnet på den sterkt slynga elva Menderes eller Büyük Menderes, antikkens Maiandros (latin: Mæander) i Anatolia i Tyrkia. Denne elva er 450 km lang og munnar ut i Egearhavet.

Meanderar kan danna kroksjøar eller meandersjøar når elveløpet tek ein ny veg og etterlèt ei stille (eit tidlegare elveløp), som blir tetta i eine eller begge endar

Meandersvingingar[endre | endre wikiteksten]

Meander i den flate Finndalen i Oppland.

Meander skildrar tendensen vatnet har til å renne i spiral når det renn langsamt og uhindra på svakt skrånande underlag. Ei elv som flyt gjennom ein vid dal eller flat snever vil tendere til å følgje og danne ein meanderkurs sidan han lagrar sediment og må svinge utanom desse, og får såleis eit «slangemønster» eller gjentekne boga løp i konvekse og konkave linjer. Eit døme på slike meanderelvar er Mississippielva i USA.

Ein elvemeander blir danna sidan elva flyt raskare på utsida av kanten av ei lita kurve og saktare på innsida av kurva. Avsettingar av sediment skjer på innsida av kurven sidan elva, som flyt sakte, ikkje fraktar sediment, men dyttar dei føre seg. Der elva renn i sand kan han utvikle eit meandermønster. I meanderløpet eroderer elva i yttersvingane og avset materialet i innersvingane. På den måten flyttar elveleiet seg frå side til side i dalbotnen.

Over tid kan slike meandrar føre til at nokre svingar går heilt rundt og møter seg sjølv. Det vil då bli starten på ein ny meander, og dessutan vil det tidlegare elveløpet tette seg til og danne ein c-forma innsjø - kalla ein meandersjø eller ein kroksjø. Slike kroksjøar kan vere knytte til elva gjennom eit smalt tilløp i den eine enden (Synneren og Juveren i Ringerike kommune og Finna i Lom kommune er døme på slike kroksjøar), men dei kan òg tettast heilt til i begge endar (Lamyra i Ringerike er eit døme på ein slik kroksjø). Spesielt er dette godt synleg i dei øvre løpa til Amazonaselva.

Mange stader i verda vert det bygd demningar og dike for å hindre elvar i å meandrere.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «meander». Store norske leksikon (på norsk). 28. oktober 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Meander