Krystall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Krystallinsk)
Snøkrystall.

Ein krystall er eit fast stoff bygd opp av atom, molekyl eller ion som er ordna i eit regelmessig, gjentakande mønster i alle retningar.

Den regelmessige indre oppbygninga gjev seg ofte eit ytre uttrykk i plane avgrensingsflater. Ordet krystall blir særleg brukt om slike velavgrensa lekamar, medan krystallinsk generelt syner til stoff som har ein ordna indre oppbygning, i motsetnad til amorfe stoff. Dei fleste faste stoff er bygd opp av krystall (er krystallinske), til dømes mineral og bergartar, metall, såpe og gummi. Eit viktig unntak er glas, som i røyndomen er ei underkjølt væske. Læra om krystalla blir kalla krystallografi. Sjå òg krystallfysikk, krystallkjemi og krystallstruktur.

Som regel vil væsker danna krystallar når dei blir omdanna til faste stoff på grunn av endringar i temperatur eller trykk. Under ideelle tilhøve vil resultatet vera éin krystall der alle atoma fell på plass i den same krystallstrukturen, men som regel vil mange krystallar dannast på likt under prosessen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Krystall