Kvarts

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kvarts
Quartz, Tibet.jpg
Kvartskrystall frå Tibet
Generelt
KategoriSilikatmineral
Kjemisk formelSiO2
Strunz-klassifisering04.DA.05
Dana-klassifisering75.01.03.01
KrystallsymmetriTrigonal 32
Einingscellea = 4.9133 Å, c = 5.4053 Å; Z=3
Identifikasjon
Fargefargelaus via forskjellige fargar til svart
Krystallform6-sida prisme som endar i 6-sida pyramide (typisk), druseaktig, finkorna til mikrokrystalllinsk, massiv
Krystallsystemα-kvarts: trigonal trapesoederklasse 3 2; β-kvarts: heksagonal 622[1]
TvillingVanleg Dauphine-lov, Brasil-lov og Japan-lov
Kløyv{0110} Utydeleg
BrotMuslig
FastleikSprø
Mohs hardleiksskala7 – lågare i ureine varietetar (definerande mineral)
Glansglasaktig – voksaktig til matt når massive
StrekfargeKvit
TransparensGjennomsiktig til nesten ugjennomsiktig
Spesifikk vekt2.65; varierande mellom 2.59–2.63 i ureine varietetar
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparEinaksa (+)
Brytingsindeksnω = 1.543–1.545
nε = 1.552–1.554
Dobbeltbryting+0.009 (B-G-intervall)
PleokroismeIngen
Smeltepunkt1670 °C (β tridymitt) 1713 °C (β cristobalitt)[1]
OppløyselegheitUoppløyseleg ved STP; 1 ppmmass ved 400 °C og 500 lb/in2 til 2600 ppmmass ved 500 °C og 1500 lb/in2[1]
Andre eigenskaparPiezoelektrisk, kan vere triboluminescent, chiral (optisk aktiv viss ikkje racemisk)
Kjelder[2][3][4][5]

Kvarts er eit mineral laga av silisiumdioksid (SiO2). Mineralet er kvitt eller gjennomsiktig, men kan få farge av andre materiale. Kvarts er nest etter feltspat det mest utbreidde mineralet i jordskorpa og finst både i magmatiske bergartar (granitt, granittpegmatitt o.l.), i metamorfe bergartar (gneis, kvartsitt o.l.), i sedimentære bergartar (sandstein, kvartskonglomerat) og i lausavsetningar (sand).

Kvartskrystall (Foto: Ken Hammond)

Vanleg kvarts er kvit (mjølkekvarts) eller fargelaus (bergkrystall, òg kalla dvergstein). Farga varietetar er røykkvarts eller morion (brunleg til mørkebrun), citrin (gul), ametyst (fiolett), rosenkvarts (rosa) og blåkvarts (blå). Alle desse kan brukast som smykkesteinar. Varietetar med inneslutninger er jernkisel (jernoksid), aventurin (kloritt eller glimmer) og rutilkvarts (rutil)

Rosenkvarts inneheld små mengder mangan, som gjev ein rosa farge. Rosenkvarts er kjent frå fleire granittpegmatittar i Iveland-Evje-området og til dømes Meløy i Nordland.

Ein kan bruka kvarts som råvare til å laga porselen og glas.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Raade, Gunnar. (12. mars 2012). Kvarts. I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/kvarts.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kvarts
  1. 1,0 1,1 1,2 Deer, W. A., R. A. Howie and J. Zussman, An Introduction til the Rock Forming Minerals, Logman, 1966, s. 340–355 ISBN 0-582-44210-9
  2. Anthony, John W.; Bideaux, Richard A.; Bladh, Kenneth W. and Nichols, Monte C. (red.). «Quartz». Handbook of Mineralogi (PDF). III (Halides, Hydroksids, Oxides). Chantilly, VA, US: Mineralogical Society of America. ISBN 0962209724. 
  3. Quartz. Mindat.org. Retrieved on 2013-03-07.
  4. Quartz. Webmineral.com. Retrieved on 2013-03-07.
  5. Hurlbut, Cornelius S.; Klein, Cornelis (1985). Manual of Mineralogi (20 utg.). ISBN 0-471-80580-7.