Kulisse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kulisse er oppbyggingar i form av måla plater, duk, inventar og andre innretningar på ei teaterscene eller under ei filminnspeling for å gjeve ein illusjon av den staden eller dei omgivnadene som handlinga i teaterstykket eller filmen går føre seg i. Kulissene kan til dømes illudere bygningar, landskap, eit rom, eller vere meir eller mindre fri fantasi. I somme høve vert bruk av kulissar redusert til eit minimum.

På teateret er kulissene vanlegvis laga slik at dei lett kan endrast eller byttast ut under skodespelets gong, ofte ved å kunne heisast opp over scena og senkast ned når det er bruk for dei, og/eller scena kan vere laga som ei dreiescene som kan svingast rundt, slik at den sektoren som syner dei rette kulissene kjem til syne for publikum.

Forfattarar av skodespel eller filmmanuskript vil ofte ha gjeve meir eller mindre klåre tilvisingar i manuskriptet om korleis ei scene skal innrettast med kulissar.