Kupa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kupa
elv
none  Kupa ved Prelesje
Kupa ved Prelesje
Land Flag of Croatia.svg Kroatia, Flag of Slovenia.svg Slovenia
Lengd 296 km
Nedslagsfelt 10 032 km²
Middelvassføring 283 /s
Kjelde Razloge i Gorski kotar i Kroatia
 - høgd 313 moh
Munning Sava ved Sisak i Slovenia
Wikimedia Commons: Kupa

Kupa (slovensk Kolpa) er ei elv i Kroatia og langs grensa til Slovenia. Ho har sitt utspring i fjellområdet Gorski kotar, nordaust for Rijeka, i Risnjak nasjonalpark. Ho renn nokre kilometer austover, og mottek den litle elva Čabranka frå venstre, før ho når grensa til Slovenia.

Ho held fram vidare austover, og får elva Lahinja frå venstre, passerer Vrbovsko, og renn så bort frå den slovenske grensa. Ho når så fram til byen Karlovac, der ho mottar to elvar frå høgre, Dobra og Korana. Kupa renn vidare austover og renn i hop med Glina frå høgre i tillegg til Odra frå venstre. Ved byen Sisak munnar ho ut i elva Sava.