Kvalolje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei flaske kvalolje.

Kvalolje er ei animalsk olje som kan vinnast ut av spekk frå kval. Opphavleg kom kvalolja frå spermkval og vart brukt som lampeolje, men etter kvart laga ein også kvalolje av andre kvalartar og til anna bruk, ikkje minst til bruk i såper. Kvalolja vart også brukt som komponent i målefarger og ved skinnbearbeiding.

Kvalolje vart tidlegare vunne ut i store mengder frå kval fanga i Antarktis, hovudsakleg artar av bardekval.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«hvalolje» i Store norske leksikon, snl.no.