Kvenna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kvenna, òg kalla Kvenno, er ei elv som renn frå Hardangervidda, i Kvennsjøen i Ullensvang herad i Hordaland.

Ho renn gjennom Krokåvatni, før ho kryssar grensa til Vinje kommune i Telemark. Her held ho fram gjennom mellom anna Sandvatn, Gunleiksbuvatnet, Briskevatnet og Vollevatnet, før ho munnar ut i Vinjefjorden i Møsvatnet. Dalen som elva renn gjennom vert kalla Kvennedalen eller Kvenndalen. Systemet er ein del av Skiensvassdraget.

Kvenna er verna med Verneplan II for vassdrag. Namnet kjem av planten kvann.