Kvintessens i kosmologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kvintessens er ein hypotetisk form for mørk energi postulert som ei forklaring for akselerasjonen ein observerer i ekspansjonen av universet. Slik energi skapar fråstøytande gravitasjon. Det kan forklare at ekspansjonssnøggleiken til universet aukar.

Kvintessens skil seg frå forklaringa med den kosmologiske konstanten for mørk energi ved at han er dynamisk, altså endrar seg med tida, i motsetnad til den kosmologiske konstanten som er alltid er konstant.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]