Kvit stokk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvit stokk

Kvit stokk, eller mobilitetsstokk, som det også blir kalla, er eit internasjonalt symbol som viser at brukaren er synshemma eller blind. I tillegg er stokken eit hjelpemiddel for navigasjon.

Stokken fungerer ved at brukaren lar stokken pendle framfor seg, slik at tuppen av stokken sklir langs bakken og vil fange opp hol og andre hindringar i vegen.

Strekteikninga av ein person med kvit stokk er eit internasjonalt symbol for synshemming.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]