Læringsplakaten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Læringsplakaten er ein del av Læreplanverket for Kunnskapsløftet.

LÆRINGSPLAKATEN[endre | endre wikiteksten]

– dei grunnleggjande pliktene til skulen

Læringsplakaten er ein del av Læreplanverket for Kunnskapsløftet og inneheld elleve grunnleggjande plikter som skulen har:

Læringsplakaten[endre | endre wikiteksten]

Skolen og lærebedrifta skal

  • gi alle elevar og lærlingar/lærekandidatar like gode føresetnader for å utvikle evner og talent individuelt og i samarbeid med andre
  • stimulere lærelyst, evne til å halde ut og nyfikne blant elevane og lærlingane/lærekandidatane
  • stimulere elevane og lærlingane/lærekandidatane til å utvikle eigne læringsstrategiar og evne til kritisk tenking
  • stimulere elevane og lærlingane/lærekandidatane i personleg utvikling og i styrking av eigen identitet, i det å utvikle etisk, sosial og kulturell kompetanse og evne til demokratiforståing og demokratisk deltaking
  • leggje til rette for elevmedverknad og for at elevane og lærlingane/lærekandidatane kan gjere medvitne verdival og val av utdanning og framtidig arbeid
  • fremme tilpassa opplæring og varierte arbeidsmåtar
  • stimulere, bruke og vidareutvikle kompetansen til den einskilde læraren
  • medverke til at lærarar og instruktørar står fram som tydelege leiarar og førebilete for barn og unge
  • sikre at det fysiske og psykososiale arbeids- og læringsmiljøet fremmar helse, trivsel og læring
  • leggje til rette for samarbeid med heimen og sikre at foreldre/føresette får medansvar i skolen
  • leggje til rette for å trekkje inn lokalsamfunnet i opplæringa på ein meiningsfylt måte

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Utdanningsdirektoratet.no Arkivert 2011-01-06 ved Wayback Machine.