Hopp til innhald

Låg jordbane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå LEO)

Låg jordbane (eng. LEO; Low Earth Orbit er ein type satellittbane. Banehøgda ligg mellom atmosfæra og van Allenbelta, vanlege banehøgder er frå omtrent 200 km (romferja) til omtrent 1000 km. Denne banetypen vert nytta av ein del overvakings- og jordobservasjonssatellittar og til nokon kommunikasjonsføremål, slik som Iridiumsystemet. Satellittar i låg jordbane vil verte bremsa av atmosfæra til jorda. Levetida vil soleis vere relativt kort og ein må ofte gjere korreksjon av bana.

Ein type låg jordbane er polar bane.

Spire Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.