Overvaking

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Overvaking er den aktiviteten som menneske gjer for å samla informasjon om åtferd, aktivitetar og hendingar utført av andre menneske og dyr.

Motivasjonar for å overvaka:

  • Læring
  • Påverka og utvikla
  • Kontrollera

Teknologisk (data) overvaking[endre | endre wikiteksten]

Datamaskiner og nettverk knyter menneske gjennom overføring av elektronisk informasjon. Det store fleirtalet av overvakingssystem inneber overvaking av data og trafikk på Internett. Det er altfor mykje data som strøymer gjennom Internett for enkelt-personar til å manuelt søkja gjennom dette. Dermed er det etablert automatiserte rutinar som kan overvaka nettrafikken og rapportera interessante treff i ord eller setningar. Det er òg eit mål for nokon å kunna overvaka datamaskiner ved at spesiell utvikla programvare vert installert på desse.

Politisk motivert overvaking[endre | endre wikiteksten]

Politisk motivert overvaking er metodar som vert nytta for å overvaka menneske for å få oversyn over handlingsmønster, dette for å avdekka om det er personar eller grupperingar som er i konflikt med gjeldande styresett. Motivasjonen for politisk overvaking er å kunna få informasjon om den enkelte personen er i samsvar med den "aksepterte", gjennomførte politikk. Overvaking i det gamle Aust-Tyskland er eit døme på dette. (Stasi).

Overvaking i Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg har PST (Tryggleikstenesta til politiet) som tidlegare heitte Politiets overvakingsteneste med ansvar for å overvaka tryggleiken til borgarane. PST har følgt med på aktivitetar hos folk som har eller har hatt tilhøyrsle til dei politiske ytterfløyene i lang tid. Døme på dette er dei som tidlegare har vore medlemmar av kommunist partiet AKP (M-L) og enkelte høgreekstreme grupperingar. I tillegg prøver ein å fanga opp religiøse grupperingar som er kjent for å bruka vald og terror som verkemiddel.

Andre aktivitetar som vert overvakt er valutatransaksjonar med henblikk på ulovleg plassering av pengar frå lovbrot eller som finansiering av kriminell verksemd, barneporno og anslag mot tryggleiken i datanettverka.

Politiet i Noreg brukar òg overvaking av narkotika-nettverk og tilset «moldvarpar» for å infiltrera dei som tenar pengar svart.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]