Jane Grey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Lady Jane Grey)
Jane Grey

Ein meiner Streatham-portrett, som blei oppdaga på byrjinga av 2000-talet, kan vera ei samtidig avbilding av lady Jane Grey.[1]
Føddoktober 1537
Bradgate House
Død12. februar 1554
Tower of London i London i England
TittelDronning av England og Irland (omstridd)
Regjeringstid10. juli 1553–19. juli 1553[2]
FøregangarEdvard VI
EtterfylgjarMaria I
Alle titlarDronning
Hus eller slektGrey family
GravstadSt Peter ad Vincula
LandKongeriket England
MorFrances Grey, hertuginne av Suffolk
FarHenry Grey, 1. hertug av Suffolk
EktefelleGuildford Dudley
Signatur
Måleri av Lady Jane Grey, måla av Paul Delaroche (1833)

Lady Jane Grey (12. oktober 153712. februar 1554), òg kalla nidagarsdronninga, var ein engelsk kongeleg, ei kort tid rekna som dronning, som blei avretta i Tower of London. Ho blir ikkje alltid rekna med i den engelske tronfølgja, men ho var som femtenåring teknisk sett regent dei ni dagane frå 10. til 19. juli 1553. Ho var av huset Tudor, faren til mormora hennar var Henrik VII av England.

Jane var fødd i Bradgate i Leicestershire. Ho var dotter av Frances Brandon og Henry Grey, hertug av Suffolk,[3] og oldedotter av Henrik VII gjennom dottera hans Mary Tudor.

Fordi forgjengaren hennar, Edvard VI, var mindreårig, blei England i hans tid styrt av riksforstandarane (protektor). Frå 1552 var hertugen av Northumberland riksforstandar. Sonen hans, lord Guilford Dudley, gifta seg med Jane Grey den 15. mai 1553. Målet til hertugen var at den engelske krona skulle tilfalla slekta hans. Han klarte å få den unge og sjukelege kong Edvard til å utelate halvsøstrene sine, Maria og Elisabeth, frå arvefølgja, og i staden peike ut Jane Grey som sin etterfølgjar. Jane Grey var som Edvard protestant, medan eldstesøstera Maria var katolikk. Like etter den engelske reformasjonen var dette eit stridsemne.

Då Edvard døydde 6. juli 1553, aksepterte Jane motvillig krona og blei utropa til dronning. Det viste seg derimot at folket støtta Maria, og borgarmeisteren i London utropa Maria til dronninga i England 19. juli.

Jane Grey og mannen hennar blei arresterte, og dømd til døden for høgforræderi.[3] Året etter blei dei avretta i Tower of London.

Jane på film[endre | endre wikiteksten]

Historia om Lady Jane har blitt filmatisert tre gonger:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar

  1. Higgins, Charlotte (16. januar 2006). «Is this the true face of Lady Jane?». The Guardian. Henta 11. mai 2008. 
  2. Williamson, David (2010). Kings & Queens. National Portrait Gallery Publications. p. 95. ISBN 978-1-85514-432-3
  3. 3,0 3,1 «Jane Grey», Store norske leksikon, 31. desember 2016, henta 31. juli 2017 
  4. imdb
  5. imdb
  6. imdb