Laga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Laga
landsby
Laga Bay.jpg
Laga-bukta, mai 2006.
Land Flag of Scotland.svg Skottland
Region Highland

Laga
56°40′41″ N 5°51′29″ W
Wikimedia Commons: Laga, Highland

Laga (skotsk-gælisk Làga) er ein liten landsby på nordbreidda av Loch Sunart i Lochaber i den skotske regionen Highland.[1][2] Laga er ein aktiv landsby som inneheld tre oppegåande verksemder: Ardnamurchan Charters Ltd, Laga Farm og Laga Fishfarm.

Laga-bukta er truleg forma av breerosjon grunna den store U-dalen som fører ned til bukta. Her finst eit rikt dyreliv, m.a. havoter, kongeørn, mår, svært mykje sjøfugl og småfugl samt ei stor mengd med hjort. Husa i Laga er både heilårsbustader og sommarhus eller feriehus. Her finst ein postboks og eit drikkevasstjørn opp åssida. Tjørnet heiter Loch Laga og er rikt på fisk. I sommarmånadene kjem store makrellstimar opp til Laga-bukta på leit etter føde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gittings, Bruce; Munro, David. «Laga, Highland». The Gazetteer for Scotland. School of GeoSciences, University of Edinburgh and The Royal Scottish Geographical Society. Henta 7. februar 2019. 
  2. David M. Munro (2006). Scotland: An Encyclopedia of Places & Landscapes. Collins. s. 291. ISBN 978-0-00-472466-9. Henta 7. februar 2019.