Land art

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Projekt Zikkurat av Ed og Tomas Hoke og Armin Guerino i Rosental i Kärnten i Austerrike.
Spiral Jetty av den USA-amerikanske kunstnaren Robert Smithson (1938-1973) var bygd i 1970 i Store Saltsjø i Utah i USA av 6500 tonn basalt, jord og salt. Kunstverket eksisterer framleis, sjølv om det ofte har vorte overflauma av vatnet i innsjøen.

Land art er ei internasjonal (engelsk) nemning på ei retning i moderne kunst som vart etablert på slutten av 1960-åra i USA, og som går ut på å nytte naturen og prosessane i naturen som ein integrert del av eit kunstverk. Andre nemningar for det same er stadkunst, jordkunst, landkunst. Prosjekta var gjerne avgrensa i tid ved å vere utforma som teikn og symbol i snø, i vegetasjonen i åkrar og liknande, eller som meir varige konstruksjonar, ofte i stort format, som skulle utsetjast for vêr og vind utan å verte halde ved like eller reparert. Eit viktig aspekt ved slike kunstverk er dokumentasjonen av dei i form av fotografi og omtale.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]